Monrad Johnsen`s Eftf. vart stifta i 1885 av Peter Johnsen og har sida den gong vært i familiens eige.
Med sine over 130 år, er butikken den eldste på Nordfjordeid, og det er no Harald Fagerstrand – 4. generasjon som driv butikken
Peter Johnsen var utdanna sølvsmed og urmakar og starta med sal av ur. Monrad Johnsen, son til Peter Johnsen utdanna seg til urmakar, og byrja i tillegg med optikk og musikk saman med begge sonane sine, som også var utdanna urmakarar.
Harald Fagerstrand sr og kona Aster Fagerstrand (født Johnsen) overtok butikken i 1972 og starta i tillegg med gull og sølvvarer. Seinare har butikken fått eit større vareutval og er i dag ein gåvebutikk der du kan finne gåver til dei fleste. Frå sigarer til diamantar.